Velkomen til å bidra!

Vi er svært glade for alle som er med å drive Fjordly! Her er mange som ber for plassen, arbeidarane og aktivitetande, mange som arbeider dugnad og mange som gjev pengar.
Fjordly er bygt, vedlikehalde og oppgradert av folket i fjorden. Vi har alltid vore drive av mange, mange velsigna frivillige som brenn for staden og arbeidet.
Inderleg tusen takk og Guds rike signing over dykk for hjartelaget dykkar.

Så kva gjer dei frivillege?

BØN

Det aller viktigaste arbeidet på og rundt Fjordly, er bøn. Viss ikkje Gud får vere Herre og leie arbeidet, arbeider vi forgjeves. Har du lyst til å ta med Fjordly sitt arbeid i bøn, vil vi gjerne sende deg informasjon om arrangement og anna. Då er du med i den store bøneringen rundt Fjordly. Ta kontakt og bli med! Takk for at du ber for oss og arbeidet!

DUGNADSARBEID

Vi ynskjer at du skal få oppleve trivsel i tenesta di her, at du får både gjere ting du kan godt, få lære deg nye ting og utvikle deg også. Og det er sosialt å gjere teneste ilag. Vi har både profesjonelle og lekfolk som gjev av si tid og sine evner på Fjordly. Har du lyst til å vere med i eit vasketeam som vaskar hovudbygget etter arrangement to-tre gongar i halvåret? Eller gjere vaktmeisteroppgåver to-tre dagar eller ettermiddagar i halvåret? Kanskje du liker betre å servere i minnestunder og konfirmasjonar? Eller bidra i større byggeprosjekt? Eller kanskje er du god på å leie møter, bake, stelle i hagen, stå i oppvasken, lage blomsteroppsatsar, halde andakt, invitere andre med eller spele eit instrument? Uansett: Vi blir veldig glade om du tar kontakt og seier kva du har lyst til å bidra med! 

GJEVARTENESTE

Nærare halvparten av inntektene til Fjordly, kjem frå gåver og basar. Vi arbeider hardt for å tene pengar på drift, men for å kunne drive, vedlikehalde og oppgradere Fjordly, er vi heilt avhengige av gåver. 

Ønsker du å gje ei enkeltgåve eller byrje å gje fast til Fjordly, så trykk her. Då kjem du til Normisjon region Sogn og Fjordane si nettside, der ein kan ordne dette på ein enkel måte. Trykk på svart pil ved "øremerking" og vel Fjordly ungdomssenter. 

Andre måtar å gje på: 

- Til kontonr. 3000.19.26310

- Med Vipps, til Fjordly ungdomssenter # 506518

 

KONTAKTINFORMASJON

Dagleg leiar: Hildegunn Vederhus

Kontortid: tirsdag - fredag kl. 09.00 - 15.00.

Telefon: 57 85 32 25

E-post: fjordly@normisjon.no

Facebook: Fjordly ungdomssenter 

Instagram: fjordly_ungdomssenter