Velkomen til å bidra!

Vi er svært glade for alle som er med å drive Fjordly! 
Fjordly er bygt, vedlikehalde og oppgradert av folket i fjorden. Vi har alltid vore drive av mange, mange velsigna frivillige som brenn for staden og arbeidet.
Inderleg tusen takk og Guds rike signing over dykk for hjartelaget dykkar.

Så kva gjer dei frivillege?
Heilt enkelt sagt, så brukar vi det vi har av gåver, evner og talent til å gjere misjonsbefalinga. Alle lemmer må i sving for å få ein kropp til å leve godt og fungere.  

BØNNETENESTE
Det aller viktigaste arbeidet er bøn - å vere påkobla Jesus. Viss ikkje Gud får vere Herre og leie arbeidet, arbeider vi forgjeves. Bønefolk snakkar med Gud og er med å gjere det slik at folk kan oppleve ein open himmel og ei forankra misjonsteneste på Fjordly. Fjordly er tufta i Guds kjærleik til folket i fjorden. Bønn er hjartepulsen vår.
Bønehytta, "hjartet på Fjordly", er open for bønnefolk på farten alle vekedagar mellom kl.10 - 19. Treng du tilgong utenom vanleg opningstid, så ta kontakt. Den er forbeholdt gjestane når vi har arrangement. Er ellers tilgjengeleg for husfolk på Fjordly og Holmely med eigen nøkkel.  Vi ynskjer at både bøneringen for Fjordly og bønearbeidet generelt skal vekse. Ligg bønn på hjartet ditt, så ta kontakt. Vi ynskjer å sammen i bøn for fjorden og folket her.

FRIVILLEG ARBEID OG DUGNAD

Det er sosialt å arbeide ilag. Det er lett å finne ein vennegjeng å tene ilag med på Fjordly. Vi har mange profesjonelle og lekfolk i sving på Fjordly - både unge og pensjonerte. Du kan vere med litt eller mykje. Alt etter som det passar. Frå nokre timar ein gong i året og hjelpe til undervegs i eit arrangement til å vere her jevnt og trutt. Vi har glittrande reinhald- og vaskelag, vaktmeistrar, bygg- og anleggsgjeng, servitørar, kjøkkenhjelper og kokkar, kakebakarar, rørleggarar, snekkarar, barne og ungdomsleiarar, musikarar, andaktshaldarar og møteleiarar, syerske og folk som er god på handarbeid, brannvakter, iderike problemløysarar, styremedarbeidarar og arrangementsutviklarar, folk til å sjaue bord og stolar, andre er flinke med blomster, tek foto, skriv tekstar og pynte m.m.. Ta kontakt på mail, og sei kva du kan tenkje deg å vere med på. 

 

GJE ENKELTGÅVER OG MÅNADLEGE BELØP Klikk her!

Det skal vere både sosialt og kjekt være gjevar.

Klart du vert rekna med! Du og gåvene dine kan gjere store ting i hendene på Jesus, veitu. Det kom ein gong ein liten gut med to solvarme fiskar og fem turre brød. Små og store, unge og gamle kan øve seg i gjevartenesten med dette. Det er velsignelse i å trene gjevarevnen til dei unge, så involver gjerne borna i tenesten. Herlege Kristian, 5 år, har allereide skrive seg opp med 10 kr i måneden. Alle gjevarar er velkommen til Fjordly sine halvårlege medarbeiderfestar for frivillege; Sommarfest og Julebord. Følg med på Facebook etter arrangementsinvitasjonar. 

SPIRESPONSOR - Fjordly sin fastgjevarteneste
Har du gode leirminner frå Fjordly? Har Fjordly gjort det lettare å tru på Jesus, våge å tru at du er elska og ønska, gjeve deg pusterom, spelerom eller eit vennskap for livet?  
Då kallar vi deg til å verte ein av våre Spiresponsorar. Til ei gjevarteneste med evigvarande verdi.

Gud elskar ein glad gjevar, og det er dei vi ser etter. Spiresponsor er eit nytt ord som dala ned under bønn for økonomien på Fjordly. Vi trur at Jesus synte ein skare som verna rundt det som Han var i ferd med å la spire fram. Det betyr at det beløpet du gjev fast kvar måned, klarer du å gje over lang tid uten at du går og må snu på krona. Ei spiresponsorteneste er ein fellesskapsøvelse der mange lyfter ilag for å skape eit stabilt vekstmiljø. Med mange små som vernar spiringa, er Fjordly mindre sårbare om nokon skulle falle bort undervegs. 
Så gje ikkje meir enn at du kjenner at du kan gje med glede? Der skatten din er, vil hjertet ditt vere. Vi vil du skal kjenne i hjartet at Fjordly er ditt også.

Ynskjer du å bli spiresponsor, så trykk her. Då kjem du til Normisjon region Sogn og Fjordane si nettside, der ein kan ordne dette på ein enkel måte.
Trykk på svart pil ved "øremerking" og vel Fjordly ungdomssenter. Vi oppmuntrar alle til å hake av for skattefrådrag. Staten gjev skattefrådrag på gavebeløp opp til 20.000,- . Vi syns det er lurt å benytte seg av dei frådrag staten ynskjer å gje for å stimulere norsk gjevarar. 

ENKELTGÅVER, MINNEGÅVER OG TESTAMENTARISKE GÅVER
Vi takkar så mykje for alle de som gjev enkeltståande gåver til arbeidet. Mange gonger opplever vi at dei kjem som manna frå himmelen. Ver rikeleg velsigna i tenesten dykkar. 
Gåver kjem til alle tider. Takk til dykk som også syner vennehjartet dykkar ved at de hugsar på oss i samband med at de skriv framtidsfullmakt.
Varm takk til alle de pårørande som formidlar minnegåver og testamentariske gåver. Må Jesus velsigne familien dykkar og lyse fred over minnet over vår kjære som er vandra.
 


*