Utleige

Fjordly Ungdomssenter er ein idèell stad for leir, forsamlingstur, kurs, selskap og overnatting. Her er plass til opp til 100 personar. Senteret ligg naturskjønt og fredeleg til, ved kanten av Nordfjorden. Anlegget er godt tilrettelagt for funksjonshemma.

 

Prisar

 

Hovudbygget er på 650 kvadratmeter og består av:
- Peisestove, med plass til 25 personar
- Møtesal, med plass til ca. 80 personar
- Matsal, med plass til ca. 80 personar
I tillegg til dette har vi 2 grupperom i tilknyting til møtesalen og matsalen. Slår vi saman alle salane, vert der ca. 250 sitjeplassar.

 

 

Fjordly har seks hytter med til saman 95 sengeplassar. Tre av hyttene er nyare, med god standard. Fire av hyttene har kjøken og opphaldsrom. 

 

I hovudbyggjet har vi biljard, bordtennis, jakkolo og mange brettspel. Her er òg to piano, ein gitar og ei jambe, for dei som likar å spele. 
Bønehytta vår, eit lite, lunt, sekskanta bygg, ligg litt for seg sjølv og innbyr til bøn, stille og samtale. 

Uteområdet er prega av vakker natur og høve til ulike aktivitetar. Fjordly ligg på ein holme med veg til fastlandet. Frå flytebrygga er det fint å bade eller ta ein båttur. Vi har både steadybåtar, joller, kanoar, kajakkar, sit-on-top-kajakkar og rikeleg med redningsvestar. I eit uteskap finn du diverse ballar og uteleikar. Her er store plenareal, fotballbane, grasvolleyballbane, sandvolleyballbane, bålplass, tilgang til uteområdet til Fjordly barnehage, turområde og mykje meir.

Nordfjord har mange attraksjonar, og Fjordly ligg midt i dette flotte området. Herifrå kan du reise utover til kysten og oppleve til dømes Vestkapp, klosteret på Selja, Ervik kapell, Olavskrossen på Dragseidet, Vingenfeltet med helleristningar, Grotlesanden, Kannesteinen, Kråkenes fyr, Ulvesund fyr eller Refviksanden. Du kan reise innover i fjorden og sjå til dømes Briksdalsbrèen, Nordfjord Folkemuseum eller Eidsgata med verneverdig trehusmiljø. Du kan òg vere på området og padle ein tur med kajakk eller kano mellom holmar og skjer. Du kan gå ein kort tur på Søholmen eller ein lengre fjelltur. Nokre gongar kan det beste vere å sette seg ned og nyte naturen og stilla. 


Vi ønsker deg velkomen til Fjordly!