Booking av arrangement og overnatting

Ynskjer du å booke nokre dagar til å feriere på Fjordly?

Vi nyttar booking.com til booking av enkeltrom.


For arrangørar av leir og større grupper: 

Her finn du romfordelinga på hyttene, litt info om standard og kor mange som kan bu på kvart rom.

Fyll ut dit arrangementsbooking-skjema her (pfd-format) Arrangementsbooking-skjema her (word-format) og send den til fjordly@normisjon.no. Så kan vi gje deg eit tilbod på ditt arrangementsynskje. 
 


Fjordly Ungdomssenter er ein ideéll stad for leir og treff, forsamlingsturar og menighetsweekend, kurs og konferanser, selskap og feiringar med og uten overnatting.
Senteret ligg naturskjønt og fredeleg til, ved kanten av Nordfjorden. Anlegget er godt tilrettelagt for funksjonshemma. 

Hovudbygget er på 650 kvadratmeter og inneheld:
- Peisestove, med sofaplass til 25 personar
- Møtesal, med plass til ca. 80 personar
- Matsal, med plass til ca. 80 personar

Opnar vi opp skyvedørene mellom alle romma , vert her ca. 250 sitjeplassar.
Fasilitetar i hovedhuset
I hovudbyggjet har vi biljard, bordtennis, jakkolo og mange brettspel. Her er óg to piano, ein gitar og ei djembe, for dei som likar å spele.



Parkeringsplassen framfor hovedhuset har god plass. Og det er ytterlegare to parkeringsplassar ved ankomst inn på området, samt ein kommunal grusparkeringsplass.
Det er ikkje bobilparkering på Fjordly, men det er stor bobilcamping 10 min unna på www.fjordsight.no

Bevertning

God mat må til ved flotte samankomstar.
Vi tilbyr både heil- og halvpensjon. Vi lagar både vanleg, rimeleg kvardagsmat og selskapsmat.
Ved sjølvhushold er vi behjelpeleg med vareinnkjøp.
Matproduksjon kan føregå på kjøken på Innfjord, Selje og Davik/Stad. Desse har full kjøkenutrustning. 
Vi har av omsyn til hygieneføreskrifter ikkje anledning til å leige ut storkjøkenet til private selskap. 

Matservering - Fjordly lagar vanleg husmannskost og selskapsmat. 

  
   

Hyttene
Fjordly har en overnattingskapasitet på ca. 100 personar.
Fjordly har sju hytter med mange sengeplassar. Fem av hyttene er heilt nye og moderne med 2-3 stjerners standard. Fire av hyttene har kjøken og opphaldsrom.
2 av hyttene er av eldre dato med millenniums-stil.
 

Bønehytta vår, eit lite, lunt, sekskanta bygg, ligg litt for seg sjølv og innbyr til bøn, stille og samtale.

Uteområdet er prega av vakker natur og høve til ulike aktivitetar. Fjordly ligg på ein holme med veg til fastlandet. Frå flytebrygga er det fint å bade eller ta ein båttur. Vi har både steadybåtar, joller, kanoar, kajakkar, sit-on-top-kajakkar og rikeleg med redningsvestar. I eit uteskap finn du diverse ballar og uteleikar. Her er store plenareal fotballbane, grasvolleyballbane, sandvolleyballbane, bålplass, tilgang til uteområdet til Fjordly barnehage, turområdet og mykje meir.

Nordfjord har mange attraksjonar, og Fjordly ligg midt i dette flotte området. Herifrå kan du reise utover til kysten og oppleve til dømes Vestkapp, klosteret på Selja, Ervik kapell, Olavskrossen på Dragseidet, Vingenfeltet med helleristningar, Grotlesanden, Kannesteinen, Kråkenes fyr, Ulvesund fyr eller Refviksanden. Du kan reise innover i fjorden og sjå til dømes Briksdalsbréen, Nordfjord Folkemuseum eller Eidsgata med verneverdig trehusmiljø. Du kan óg vere på området og padle ein tur med kajakk eller kano mellom holmar og skjer. Du kan gå ein kort tur på Søholmen eller ein lengre fjelltur. Nokre gongar kan det beste vere å sette seg ned og nyte naturen og stilla.

I kommunen har BUA tilgong på alt av fritidsutstyr.

Du finn dei på Nordfjordeid https://www.facebook.com/BUAEid/

og i Selje. https://www.facebook.com/BUASelje/
 

 

Prisar
Send oss oss ein førespurnad på mail, så sender vi deg eit skjema som hjelper deg å skreddersy ei bestilling slik at du kan få ein ekstkt pris.

Varmt velkomen til Fjordly!

Fyll ut vårt hjelpeskjema Arrangementsbooking-skjema(pdf.-format) eller Arrangementsbooking-skjema (word-format) og Klikk her for å be oss ta kontakt med deg.
Ikkje nøl med å ringje dersom du har spørsmål.



 
Matsalen kan dekkast opp til eit stort antall gjester ved at ein opnar opp sidedørene til to grupperom, møtesal og vidare inn i peisestova


Bilete frå sofahjørnet i vinkelstova på Stadt/Davik hytta


*