Fjordly Ungdomssenter

Fjordly Ungdomssenter ligg vakkert til ved Nordfjorden, på Bryggja i Stad kommune. Vi kallar Fjordly - ein himmelsk leirstad i Nordfjord. Her er det stilt og fredeleg. Gripande vakkert og kjekt å vere både sommar og vinter. Ute finn du båtar av ulike slag, turområde, volleyballbane, fotballbane, leikeplass og bålplass. Inne er det biljard, bordtennis, jakkolo, brettspel, piano, gitar og mykje meir.
Det er kort veg til attraksjonane Selja Klosterruin og Vestkapp på Stad, Kannesteinen og Kråkenes Fyr i Kinn, Grotlesanden og Hornelen i Bremanger, Olivingruva og Gjetmund Kirke i Vanylven.
Frå Fjordly har ein kort veg til mange aktivitetar. Ein har kort veg til Hornelen Via Ferrata,  skisenteret på Harpefossen, kan gå Sunnivaleia som pilegrim, klatrevegg i Nordfjordhallen eller besøke Nave hjortefarm og mykje anna.
Fjordly ungdomssenter er eigd av Normisjon region Sogn og Fjordane. Acta, barn og unge i Normisjon, har mange leirar her i løpet av året.
I løpet av året er her òg konfirmantleirar, kyrkjelydshelger, slektstreff, skuleturar og andre overnattingsarrangement. 
Plassen eignar seg godt for minnestunder, kurs, konferansar, årsmøter og andre samlingar. Grupper kan leige ei eller fleire av hyttene og styre seg sjølve.


 

 

Sjå meir under Utleige

Støtt arbeidet vårt

Personvernerklæring

Vi retter oss etter den same personvernerklæringa som Normisjon. Ikkje alt i denne erklæringa er relevant for Fjordly ungdomssenter, som t.d. Min side. Du finn personvernerklæringa her.


*