Bli vårens spiresponsor

Du kan gje ei gåve til Fjordly på VIPPS #712714 (Dersom du ynskjer å registrere beløp som skal inkluderast i skattefrådrag må du gje gåva via lenkja nedanfor)

GJE ENKELTGÅVER OG MÅNADLEGE BELØP med eller uten skattefrådrag - Klikk her!

Det skal vere både sosialt og kjekt være gjevar.

Klart du vert rekna med! Du og gåvene dine kan gjere store ting i hendene på Jesus, veitu. Det kom ein gong ein liten gut med to solvarme fiskar og fem turre brød. Små og store, unge og gamle kan øve seg i gjevartenesten med dette. Det er velsignelse i å trene gjevarevnen til dei unge, så involver gjerne borna i tenesten. Herlege Kristian, 5 år, har allereide skrive seg opp med 10 kr i måneden. Alle gjevarar er velkommen til Fjordly sine halvårlege medarbeiderfestar for frivillege; Sommarfest og Julebord. Følg med på Facebook etter arrangementsinvitasjonar. 

SPIRESPONSOR - Fjordly sin fastgjevarteneste
Har du gode leirminner frå Fjordly? Har Fjordly gjort det lettare å tru på Jesus, våge å tru at du er elska og ønska, gjeve deg pusterom, spelerom eller eit vennskap for livet?  
Då kallar vi deg til å verte ein av våre Spiresponsorar. Til ei gjevarteneste med evigvarande verdi.

Gud elskar ein glad gjevar, og det er dei vi ser etter. Spiresponsor er eit nytt ord som dala ned under bønn for økonomien på Fjordly. Vi trur at Jesus synte ein skare som verna rundt det som Han var i ferd med å la spire fram. Det betyr at det beløpet du gjev fast kvar måned, klarer du å gje over lang tid uten at du går og må snu på krona. Ei spiresponsorteneste er ein fellesskapsøvelse der mange lyfter ilag for å skape eit stabilt vekstmiljø. Med mange små som vernar spiringa, er Fjordly mindre sårbare om nokon skulle falle bort undervegs. 
Så gje ikkje meir enn at du kjenner at du kan gje med glede? Der skatten din er, vil hjertet ditt vere. Vi vil du skal kjenne i hjartet at Fjordly er ditt også.

Ynskjer du å bli spiresponsor, så trykk her. Då kjem du til Normisjon region Sogn og Fjordane si nettside, der ein kan ordne dette på ein enkel måte.
Trykk på svart pil ved "øremerking" og vel Fjordly ungdomssenter. Vi oppmuntrar alle til å hake av for skattefrådrag. Staten gjev skattefrådrag på gavebeløp opp til 20.000,- . Vi syns det er lurt å benytte seg av dei frådrag staten ynskjer å gje for å stimulere norsk gjevarar. 

ENKELTGÅVER, MINNEGÅVER OG TESTAMENTARISKE GÅVER
Vi takkar så mykje for alle de som gjev enkeltståande gåver til arbeidet. Mange gonger opplever vi at dei kjem som manna frå himmelen. Ver rikeleg velsigna i tenesten dykkar. 
Gåver kjem til alle tider. Takk til dykk som også syner vennehjartet dykkar ved at de hugsar på oss i samband med at de skriv framtidsfullmakt.
Varm takk til alle de pårørande som formidlar minnegåver og testamentariske gåver. Må Jesus velsigne familien dykkar og lyse fred over minnet over vår kjære som er vandra.
 

MIN SIDE - her finn du oversikt på di gjevarteneste i Normisjon
På min side kan du justere avtaler og opprette nye, få oversikt over årsoppgåva, bestille gratisabonnement på regionsbladet og misjonsmagasinet "Ferskvare"  og mykje meir.
https://normisjon.profundo.no/minside

 



  

 


*